17.03.2015

Ukens kjole #1: Instituttleiarens Ivar Aasen-kjole

(Vi ber audmjukt om orsaking for kombinasjonen av bokmål og nynorsk i overskrifta. Men vi planlegg "Ukens kjole" som fast post, og då bør det jo helst vere same tittel kvar gong. Og så MÅ denne bloggposten samtidig vere på nynorsk - noko anna ville vore direkte blasfemisk.)

Anne Løvland, som er leiar for Institutt for nordisk og mediefag, kan ikkje berre alt mogleg rart om multimodalitet, literacy, FS, arbeidsplansverktøy og snekring, men også om bloggens viktigaste tema: kjolar. Og favoritten vår er utan tvil Ivar Aasen-kjolen hennar:




Som de ser er kjolen i seg sjølv fantastisk fin! Kjolen har dessutan veldige kule ermer, men det kjem ikkje fram på bildet. Den gode Anne er litt skeptisk til kamerautstyret vårt (iPhone), og vi må nok tilstå at kjolen ikkje kjem til sin fulle rett. Men prikken over i'en/ rosinen i pølsa kjem her, i nærbilde:




Eit Ivar Aasen-sitat! På ein kjole! Kan det bli betre? Nei, det kan det faktisk ikkje.

1 kommentar:

  1. Hei! Kan jeg bruke dette bildet i en sak som Løvland har skrevet for sosiologen.no, mot kreditering? Sosiologen.no er en frivillig-drevet, ikke-kommersiell nettside. Svar meg gjerne på magnus.heie@gmail.com. Vennlig hilsen Magnus Heie, bokredaktør for sosiologen.no

    SvarSlett